– Kyrkja kjem i andre rekkje

Nordiske kyrkjer deler erfaringar med «the lost generation».

Av Christian Nicolai Bjørke

Noreg er ikkje åleine. Også andre nordiske kyrkjer slit med å halde på unge vaksne. I Finland blir nesten nitti prosent av alle 14-åringar konfirmerte. Mange av dei er med som hjelpeleiarar det neste året. Men så forsvinn dei ut av kyrkja litt etter litt.

– Dette er ei aldersgruppe der ein giftar seg, studerer, jobbar – kyrkja kjem ofte i andre rekkje i denne fasen av livet, seier Stefan Myrskog i Evangelisk-Lutherska kyrkan i Finland.

Han meiner at aldersspennet 18–30 år er den vanskelegaste gruppa for kyrkja å kome i kontakt med. Noko av det viktigaste for kyrkja i Finland har vore å vere til stades på Internett. Eit prosjekt som går under namnet «Andligt liv på weben», kom i gang i 2009. Målet er at innan 2012 skal ein tredel av dei tilsette i kyrkja utdannast i bruk av sosiale medium.

– Det vil seie at rundt sju tusen kyrkjeleg tilsette kan fungere som medvandrarar på nettet når prosjektet er over, seier Myrskog.

Noko som skaper hovudbry i dei nordiske landa, er oppslutninga om den tradisjonelle søndagsgudstenesta blant unge vaksne.

– Det fungerer ikkje så bra hos oss. Somme stader fungerer det sjølvsagt, men vi har prøvd å finne alternative måtar å feire på, med pizza og friare former eller Taizé- og Thomas-gudstenester, seier Myrskog.

Finland har i tillegg ei ekstra utfordring: Det er økonomisk lukrativt å melde seg ut av kyrkja fordi ein da slepp å betale kyrkjeskatt.

– Men sjølv om vi mistar dei for ei stund, kjem dei ofte tilbake når dei får barn og skal døype dei. Vi må stole på at sjølv om dei tek ein pause, så er det ikkje dermed sagt at dei er tapte. Gud ordnar resten, seier Myrskog.

I Svenska kyrkan behandlar dei aldersgruppa 0–30 som éi målgruppe i barne- og ungdomsarbeidet. Men Peter Ekman vedgår at størstedelen av aktivitetane rettar seg mot barn og konfirmantar.

– Ein gjer ikkje noko spesielt for dei som nærmar seg 30 år, dei er ofte i leiarfunksjonar, seier han.

I Sverige har særleg éi avdeling vore viktig for unge vaksne, nemleg Utlandskyrkorna. Dei fungerer på same måten som sjømannskyrkjer og finst i 25 land.

– Det er mange svenskar i tjueåra som bur i andre land og studerer eller jobbar som au pair. Mange av dei søkjer til kyrkja, seier Ekman.

I tillegg gir eit hundretal prestar i Studentkyrkan eit kyrkjeleg nærvær på høgskolane. Mykje anna blir òg prøvd ut, som gudstenestefestival, temamesser med rockemusikk, bok- og bibliotekmesse og vaksenkatekumenat med mentoroppfølging (tilsvarande Alpha-kurs).

Som viktige spørsmål for unge vaksne nemner Ekman også miljøhaldningar og korleis kyrkja bruker av sine eigne økonomiske midlar til å kjempe for ei meir rettferdig verd.
– Men det er møtet med menneske som er det aller viktigaste i dag. Vi snakkar om at kyrkja må lukte godt. Kyrkja skal verke som ein innbydande stad å kome til.

Ekman trur at den haldninga kyrkja har til arbeid med unge vaksne, kan likne på innstillinga fråflyttingstruga bygder i Sverige har til dei som veks opp: Vi gjer alt for å gi dei ein god oppvekst og vonar dei kjem tilbake når dei blir vaksne.

– Eg trur ein treng å frigjere seg og sjå verda. Det er ei slags danningsreise, slik som for adelsmennene før i tida. Vi oppfordrar til det i kyrkja òg. Folk må utdanne seg og flytte på seg. Dei må ikkje låsast til kyrkja, seier han.

I Danmark reknar dei no personar i alderen 18–30 år som ei eiga gruppe, og ikkje berre som ei forlenging av barne- og ungdomsarbeidet.

– Gruppa skal heilt klart behandlast for seg ettersom det handlar om eit spesielt avsnitt av livet med særskilde interesser og utfaldingsrom, seier Povl Götke og Leise Christensen, som er lektorar i religionspedagogikk ved Teologisk Pædagogisk Center Løgumkloster.

Dei siste fem åra er 20 prestar peika ut til å arbeide på fleire vidaregåande skolar i Danmark. Og talet er aukande. Götke har tidlegare uttala til Kristeligt Dagblad at prestane kan vere med og løyse eksistensielle problem og kriser for unge.

– Studentrettleiarane på mange utdanningsstader opplever at stadig fleire unge menneske vender seg til dei med «vondt i livet», seier Götke.

Dei 20 prestane har fått som oppgåve å hente erfaringar om korleis folkekyrkja kan spele ei rolle i livet til unge vaksne.

 

Denne artikkelen er i kategorien Livsnær og relevant, Relasjoner og fellesskap, Tilgjengelig.