Ung i kyrkja 2010

Foto: morguefile.com

Korleis nyttar unge vaksne mellom 18 og 30 kyrkja? 

Av Birgitte Lerheim

Kva haldningar og forventningar har dei i høve til kyrkja? Finst det i det heile nokre samanfall mellom det unge vaksne opplever at kyrkja er oppteken av, og det dei sjølve er opptekne av?

Desse spørsmåla, og fleire andre, sto i fokus i undersøkinga «Ung i kirken 2010» , som Synovate sist haust utførte på oppdrag frå Kyrkjerådet.

Ei landsrepresentativ gruppe av unge mellom 18 og 30 år var målgruppa for undersøkinga. Denne artikkelen tar føre seg to aspekt ved undersøkinga: Gapet mellom kva unge vaksne opplever som viktig og kva dei opplever at kyrkja er opptatt av – og spørsmålet om kor vi finn dei største interaksjonsflatene mellom unge vaksne og kyrkja.

Familie og vener = pri 1
Undersøkinga syner at det er visse forskjellar mellom det unge vaksne synest er viktig i livet, og det dei same menneska opplever at kyrkja fokuserer på. Familie og vener er ifølge undersøkinga langt det viktigaste i unge vaksne sitt liv, for heile 99 prosent av respondentane har oppgjeve at dette er enten «meget viktig» (78%) eller «ganske viktig» (21%). Samstundes opplever berre i underkant av seks av ti at kyrkja i «meget stor» (19%) eller «ganske stor» (43%) grad er oppteken av dette.

Menneskeverd og nestekjærleik
Rundt 90 % av ungdommane oppgjev også at menneskeverd og likeverd, gode oppvekstvilkår for barn og unge, nestekjærleik og omsorg for andre, tilhøyrsle til fellesskap og sosialt nettverk, fred og rettferd samt karriere og utdanning er «meget» eller «ganske viktig». Inntrykket til dei som har svara i undersøkinga er at kyrkja jamt over er mindre oppteken av slike ting enn dei sjølve. 6-7 av 10 opplever at kyrkja i «meget» eller «ganske stor» grad er oppteken av desse tinga.

Det er interessant at både fellesskap, barn og unge, fred, rettferd og miljø er område det har vore satsa sterkt på i Den norske kyrkja det siste tiåret. Dette synest å nå fram til ein viss grad, men ikkje heilt. I likskap med familiekjensle og venskap, kan mesteparten av det som her er nemnt seiast å samsvare med tradisjonelle kristne verdiar. Dei unge vaksne sjølve synest likevel ikkje å kople så sterkt mellom sitt eige og kyrkja sitt fokus på desse verdiane. Heller ikkje gjer dei ei kopling mellom eiga tilslutning til desse verdiane og kristen tru.

«Berre» tradisjon?
Ein langt mindre del av ungdommane (til saman i underkant av ein av fem) opplever likevel kristen tru som «meget» (10%) eller «ganske viktig» (9%). Åtte av ti unge vaksne meiner at kyrkja i «meget» eller «ganske stor grad» har fokus på kristen tru. Her er forskjellen svært stor mellom unge vaksne sitt eige fokus og det dei opplever er kyrkja sitt fokus.

Tradisjonar, derimot blir opplevd som «meget» (18%) eller «ganske viktig» (51%) av nesten sju av ti unge vaksne. Og på dette området er det meir samsvar mellom dei unge sitt fokus og det dei opplever er kyrkja sitt fokus: Over halvparten (54 %) av respondentane opplever at kyrkja i «meget stor grad» er oppteken av tradisjon, og ytterlegare 27% opplever at kyrkja i «ganske stor grad» er tradisjonsfokusert.

Det vil kanskje overraske mange at unge er så vidt opptekne av tradisjonar. Men dette samsvarer med funn frå den store konfirmantundersøkinga i Noreg som var publisert i fjor. Nokre gongar blir «tradisjon» som argument for deltaking i kyrkjelege handlingar som dåp og konfirmasjon framstilt som uautentisk eller ueigentleg, både frå human-etisk hald og frå enkelte kristelege miljø. Men Bernd Krupka, ein av forskarane bak konfirmantundersøkinga, har i eit intervju med Vårt Land på peika på at tradisjonsmedvit mellom unge menneske truleg også handlar om ei aktiv tilslutting til det innhaldsmessige som blir formidla i tradisjonen. Det er såleis kan hende gode grunnar til å ikkje berre sjå tradisjon som noko folk passivt sleng seg med på, men som faktisk betyr noko frå eller til i folk sine liv.

Bruker kyrkja ved høgtider og store hendingar i livet
Kan hende lar både familie- og tradisjonsfokuset til unge vaksne seg spore i korleis dei bruker kyrkja: Heile 95% har tatt del i gravferd – 32% av desse siste året. 76 % har vore til stades ved kyrkjeleg brurevigsle – 29% av desse siste året. Eit nesten tilsvarande tal finn vi når det er snakk om høgtidsfeiring i kyrkja (jul, allehelgensdag, påske og liknande). For dåp er tala 82% i det heile og 23% siste året, for konfirmasjon er tala 85% i det heile og 20% siste året. Kyrkjelege handlingar og høgtidsgudstenester kan med dette seiast å utgjere dei største interaksjonsflatene mellom Den norske kyrkja og snittet av vaksen ungdom.

Mange kyrkjelydar har satsa målretta på å utvikle eigne, alderstilpassa gudstenester og andre tilbod for denne målgruppa. Men korkje slike gudstenester eller vanlege høgmesser er mykje besøkt av ungdom, berre 12 – 13 % av respondentane har tatt del i slike siste året. Nærare halvparten av dei spurte har ikkje vore til slike gudstenester i det heile.

Møtestadene mellom kyrkja og unge vaksne er såleis langt større og meir omfattande enn kyrkja sine særtiltak for denne aldersgruppa. Tema som høgtidsfeiringar og kyrkjelege handlingar som dåp, gravferd, bryllup og konfirmasjon vore lite framme i samtalen om møta mellom kyrkja og unge vaksne. Tenkjer vi kyrkjelydsutvikling, vil truleg ei aktiv styrking av desse arenaene som møtestader mellom unge vaksne og kyrkja vere viktig ikkje berre for at kyrkja skal gi den einskilde av oss livstolking og livshjelp, men også når det gjeld tradisjonsformidling og erfart fellesskap.

Unge vaksne – ei samansett gruppe
Tala frå Synovate-undersøkinga er tal som gjeld heile Noreg under eitt. Brote ned på regionalt og lokalt nivå kan biletet forskyve seg noko. Den norske kyrkja er ei kulturelt kompleks kyrkje. Lokale kontekstar, som demografi og lokal (kyrkje)historie har noko å seie for folk sitt forhold til kyrkja.

Likeeins kan ungdom frå 18 – 30 vere i ulike livsfasar, her finn vi alt frå den single, kollektivbuande studenten i Tromsø og den heimeverande aleinemora i leigd sokkelhusvære i indre Østfold, til den gifte trebarnsfaren og fiskaren med villa, Volvo og hund på ei øy på Sunnmøre. Likevel vil nok tendensane undersøkinga identifiserar vil la seg finne att i svært mange kyrkjelydar. Familie, vener og tradisjonar er viktig for dei fleste av oss, unge vaksne som eldre.

Tradisjonar og relasjonar flyt saman
Samstundes ser ikkje brorparten av dei som har svare på undersøkinga til å gjere ei eksplisitt kopling av desse verdiane til kristen tru. Kan hende kan ei slik kopling likevel sporast i den faktiske bruken desse gjer av kyrkja?

Ved kyrkjelege høgtidsfeiringar og kyrkjelege markeringar av overgangane i livet er dei fleste som tar del innforstått med konteksten: Eg og du er der fordi vi skal feire eller markere noko saman, gode eller vonde ting: Jul, påske, at gode vener eller familie giftar seg eller døyper ungane sine, at søskenbarnet mitt blir konfirmert, at , bestefaren din skal gravleggjast. Dette handlar om både livstolking og livshjelp, og er møtestader der familie, vener og kyrkje er integrerte storleikar.

Meir enn misjonsmark
Unge menneske ber med seg relasjonar og verdiar inn i kyrkja. Kyrkja bør bidra til at folk får reiskapar til å tolke liva sine, med dei relasjonane og verdiane dei på godt og vondt ber med seg, innan eit kristent trusparadigme. Er det mogeleg at nett høve som høgtider og kyrkjelege handlingar på særskilt vis kan danne ein grobotn for slikt, nett fordi at både kontekst og føremål ved slike høve kan framstå som meir definerte og avklara for folk flest enn ved dei vanlege søndagsgudstenestene?

Ved desse høva rører dei som tar del seg i ein felles kontekst: Vi er her saman fordi vi feirar jul – vi er her saman fordi vi sørgjer over tante. Og vi er her saman i kyrkja. Venefokus, verdsetting av familie og tilslutting til ein innhaldsmetta tradisjon konvergerer her.

Birgitte Lerheim er førsteamanuensis ved Det teologiske fakultet, Universitetet i Oslo.

Det kommer en grundigere artikkel om dette temaet i en bok om menighetsutvikling i folkekirken, redigert av Harald Hegstad og Erling Birkeland, 2011/2012, på IKO-forlaget i serien Prismet Bok.

Denne artikkelen er i kategorien Ord og sakrament, Relasjoner og fellesskap.