Kyrkja er best på sorg

Sindre foran kirken

Sokneprest Sindre Stabell Kulø. Foto: Privat

Når noko alvorleg skjer, blir kriseteamet i Fræna kommune tromma saman. Etter at dei konkrete gjeremåla er over, sit som regel presten att. Og lyttar.

Av Øyvind Stople Sivertsen

Alle kommunar slit med sitt. I Fræna har dei fått meir enn dosen sin. I den mellomstore kystkommunen nord for Molde har dei opplevd ei rekkje trafikkulykker dei siste åra. Ungdommar og unge vaksne opplever gong på gong at livet slett ikkje er sjølvsagt. Somme blir borte. Det kjennest meiningslaust. Og sorga kjem.

– Når livet blir fortetta, opplever eg at samfunnet gir kyrkja eit mandat til å ta seg av det. Både kyrkja som bygg, at vi opnar kyrkjerommet, og kyrkja som personar. Dei store hendingane i livet er kyrkja best eigna til å ta seg av. Vi er der, og det er venta at vi skal vere der, seier Sindre Stabell Kulø.

32-åringen er sokneprest i Bud, eit av fire sokn i Fræna kommune. Når det stormar som verst etter ei opprivande hending, opplever han at kyrkja i høgste grad blir invitert til å medverke. Ikkje berre som eksponent for kasualia, men på grunn av den medmenneskelege spisskompetansen sin.

I kriseteamet i Fræna er det representantar frå politiet, rektoren på ein barne-/ungdomsskole, ein psykiatrisk sjukepleiar, ein kreftsjukepleiar, ein ambulansesjåfør og ein einingsleiar i kommunen. Pluss soknepresten i Bud.

– Vi i kriseteamet – eller støttegruppa, som det heiter her –, møtest uavhengig av hendingar fire–fem gonger i året. Vi blir kalla inn dagen etter bilulykker eller sjølvmord eller andre ulykker der mange er involverte. Når noko veldig dramatisk har skjedd, og politi og lege har gått, da blir presten veldig ofte sitjande att. Da kjem også mange av kjenslene fram, fortel Stabell Kulø.

I slike situasjonar trur han ein kan bruke sorga og sorgprosessen til å opne dører inn til andre menneske.

– Det kyrkja er god på, er å ikkje vere ein lege eller ein sjukepleiar som skal behandle noko eller nokon. Vi medisinerer ingen. Det vi tilbyr, er prat. Vi skal ikkje behandle, men snakke saman. Vi skal setje ord på både irrasjonelle og rasjonelle kjensler, seier Stabell Kulø.

– Ofte er det jo også presten som melder dødsbodskapen til familien. Det blir gjort på oppdrag frå politiet. Det synest folk er fint. Vi har eit språk til å snakke om liv og død, understrekar han.

Når det gjeld gravferdene og samtalane rundt dette, er Stabell Kulø veldig oppteken av å vere på tilbodssida. Han meiner valet av lokale for samtalen er svært viktig.

– Eg kan spørje: «Skal vi ta ein prat, berre du og eg?» Eg trur det er viktig å følgje opp, og å vere frimodig og spørje om ein ønskjer seg ein samtale. Eg har gjerne samtalen heime eller på ein stad som blir opplevd som positiv – kontorprat trur eg ikkje er så lurt, da får ein fort konnotasjonar til noko klinisk, meiner han.

Den siste tida har soknepresten arbeidd med å få familiar til å snakke meir saman i sorgprosessen.

– Eg har ikkje så mykje med sorggrupper å gjere, men vi samarbeider med sjukehuset i Molde om dette. Eg prøver meir å få familiar til å snakke saman. Vi har ein dyster statistikk på trafikkdød hos unge i kommunen, og eg prøver å gjere noko med det, seier han.

– 18–30 er ei samansett gruppe der ein både kan vere russ og tobarnsfar. Felles for dei er at dei er ei gruppe som ikkje er heilt etablert. Dei har ikkje nådd det magiske 30-talet enno. Dei studerer, eller er nye i jobben. Det er ein fase prega av karikaturen «student», dei bruker mykje tid på det. Mange formar meiningane sine i denne perioden. Her i kommunen er det også mange som er i oppbrot tidleg, ettersom ein må velje om ein skal reise ut av kommunen for å gå på vidaregåande skole.

– Møter ein sorga på ein annan måte når det gjeld 18–30-gruppa?

– Sorghandtering er veldig individuelt. Men generelt kan eg seie at hos godt vaksne handlar samtalen om andre ting. Mange vaksne finn meining i å ha ansvaret for andre. Slik sett er dette ei gruppe som fell litt mellom to stolar, trur Stabell Kulø.

I tillegg til trafikkulykker og sjølvmord vart hendingane i Oslo og på Utøya 22. juli ein tankevekkjar for mange unge i Fræna. Da var det viktig at kyrkjerommet var ope.

– Det vart lagt til rette for at det skulle tennast lys, og at ein kunne vere stille. Ingen i vår kommune døydde som ei følgje av terrorhandlingane 22. juli, men dagen etter mista ei ung jente livet i ei trafikkulykke. Da vart alt aktualisert på nytt, fortel Stabell Kulø.

– Kyrkja er annleisrommet i mange lokalsamfunn. Det er viktig at kyrkjedøra er open. I tillegg må vi også vere til stades. Den einaste grunnen til at vi framleis er ønskte til å ta oss av slike hendingar, er at vi har gjort og gjer ein god jobb. Det manglar ikkje på alternativ. Kven som helst kunne ha laga sine eigne gravferdsritual, om det var det om å gjere. Eg trur folk har gode opplevingar med kyrkja som arena for sorg. Mange skulle nok ønskje at dei hadde ein samtalepartnar elles òg, men i desse situasjonane har dei det i alle fall. Det er usedvanleg viktig, seier Stabell Kulø.

Denne artikkelen er i kategorien Livsnær og relevant, Tilgjengelig.
  • Grethe Matre

    Sterkt, godt, viktig – takk!