Du skal ikkje drive kor

Mange kyrkjelydar kan seie at dei ikkje har tilbod for aldersgruppa 18–30, men så driv dei likevel eit kor. Det kjem av eit krasj mellom kyrkjemusikarar og ungdomsarbeidarar, meiner kantor Ivar Jarle Eliassen.

Av Øyvind Stople Sivertsen

La oss ta eit blikk inn i ein norsk eksempelkyrkjelyd. Der vrimlar det av trusopplæringstilbod. Kyrkjelyden står til knes i juniorgruppe, trilletreff, babysong og LysVaken-arrangement. Det blir planlagt førjulskonsertar, pinsevandringar og seniorgrupper. Så kan nokon ymte frampå om at det kanskje skulle ha vore fleire tiltak retta mot 18–30-gruppa. I det minste eitt? Fleire blir einige. Dei legg hovudet i bløyt. Dei tenkjer gode, konstruktive tankar. Det blir sett ned ei arbeidsgruppe.

Alle har gløymt koret som øver kvar einaste torsdag. Der vrimlar det av unge vaksne.

Ivar Jarle Eliassen.

– Dette fenomenet er eit paradoks. Eg trur det kan ha samanheng med at tradisjonell korverksemd, både blant barn, ungdom og vaksne, ikkje primært har hatt som fokus å engasjere ei målgruppe. Tvert imot har dette vore eit fagleg fundert arbeid, drive av kompetente kyrkjemusikarar med det siktemålet å tilføre gudstenestelivet eit kvalitativt musisk element. Målet har med andre ord vore å lage musikk, seier Ivar Jarle Eliassen, kantor i Lenvik kyrkjelyd i Troms.

Mennesket versus produktet
Eliassen, som for tida har permisjon frå stillinga som kantor, arbeider no som kyrkjemusikalsk rådgivar ved bispedømmekontoret i Nord-Hålogaland.

– I ungdomsarbeidet har det vore eit anna fokus. Dette arbeidet var tradisjonelt drive av yngre menneske med meir sosialt orientert kompetanse og engasjement. «Ungdomsarbeidet», som eigentleg er eit nokså nytt omgrep i kyrkjeleg tradisjon, har som mål å engasjere og aktivisere ungdom – med ungdommelege verkemiddel. Som verkemiddel valde ein ofte song og musikk, påverka av den musikken som hadde størst appell blant ungdom. Og det vart for eksempel ten-sing-kor. Ein type musikalsk ytring som på den tida dette greip om seg, var framand for det liturgiske rommet, held Eliassen fram.

Og det er her, i spenningsfeltet mellom desse to tradisjonane, at paradokset har oppstått.

Desse to aktivitetane – i det eine tilfellet var, grovt sett, resultatet av aktiviteten det sentrale, i det andre var aktiviteten sjølve målet – førte til eit krasj. Kyrkjemusikarane kom på vikande front i møtet med noko dei ikkje kjende, og som dei følte delvis som eit åtak på arbeidet og kompetansen deira. Dette er medverkande årsaker til at det trauste, kontinuerlege arbeidet med korsong har vorte rubrisert som ein nisjeaktivitet for dei med spesiell interesse for songen og musikken. Ungdomsarbeidet, med ten-sing-kor, klubbaktivitetar og så vidare, har bore preg av å bry seg meir om mennesket, seier Eliassen.

Koret gir kick
I eksempelkyrkjelyden vår har vi valt torsdag som dagen for korøving. Det kunne like godt ha vore ein annan dag og ein annan stad, for eksempel i Skårer kyrkjelyd i Lørenskog kommune måndag kveld. Der jobbar Marianne Husby.

– Alle kyrkjelydar burde ha eit kor, seier ho.

Ho snakkar nok ikkje ut frå ein heilt nøytral ståstad. Ho jobbar med korskole («eit fancy ord for korarbeid i alle generasjonar») i Skårer kyrkjelyd. I tillegg er ho frilans dirigent ved sida av.

Marianne Husby.

– Mi erfaring med korarbeidet er at musikk er terapi. Eg trur ein ved å vere med i kor kan bli glad i ein elles hektisk kvardag. Det gir positive vibbar. Kanskje til og med eit kick på ein konsert som går bra, seier ho.

Ho nøler ikkje med å kalle seg sjølv «eit kormenneske».

– Kor er eit viktig tilbod for menneske mellom 18 og 30 år. Det kan inkludere veldig mange. Kor er bra, fordi det i eit kor er mogleg å kome som ein er. Ein kan få til store ting saman med andre. Det gir fellesskapskjensle. Klarer ein å lære si eiga stemme saman med tre andre, blir det flott. Dei fleste har jo eit forhold til musikk, og dette er ein veldig fin måte å utøve musikk på, seier Husby.

Men er det kyrkja si oppgåve å gi kick?

– Ein skulle kanskje ønske at kyrkja er eit fellesskap for alle. Eit kor er i det minste eit konkret fellesskap der alle medverkar. Det høver ikkje for alle – det skjønar eg òg. Det finst heilt sikkert gutar som har traumatiske opplevingar i samband med stemmeskiftet. Ein ting er å syngje, men ein kan også spele. Å vere utøvande i eit kor er variert, slår ho fast.

Kyrkjemusikken gir kontakt med Gud
I Den norske kyrkja er det over 800 vaksenkor og rundt 1200 barne- og ungdomskor. Det er tilsett 900 kyrkjemusikarar i ulik stillingsstorleik. Kantor Eliassen, som var sentral i arbeidet med det første utkastet til planen om kyrkjemusikk, fortel at det i arbeidet var mykje diskusjon om kva kyrkjemusikk er. At det er vanskeleg å definere, meiner han framleis.

– Det er eit komplekst spørsmål, men kanskje kan kyrkjemusikk definerast som den musikken som til kvar tid blir brukt for å be til og lovprise Gud, uttrykkje glede, takk og klage i gudstenesta der kyrkjelyden er samla. Og musikken som blir brukt, er ikkje vilkårleg vald. Musikken får ein tilleggsfunksjon når han kling midt i kyrkjelyden – som er komen «saman for Guds andlet». Musikken har verdi i seg sjølv og verdi i samanhengen. Og samanhengen her er den liturgiske. Djupast sett opphevar liturgien tid og rom, fører oss som er i tida, inn på æve-aksen og gjer kontakten mellom Gud og oss, mellom oss og dei som har gått føre oss, direkte, seier Eliassen.

Kva kan kyrkja reint praktisk gjere med tanke på dette?

– For det første feire gudstenester utan tanke på å trekkje til seg folk, men heller ha det for auget at i gudstenestene kjem vi saman med ein nærverande og handlande Gud som gir av nåden sin, som stadfestar oss og livet vårt, og som reiser oss opp og gir livsmeistring og livskraft. I dette rommet skal alle tiders ypparste uttrykksmiddel kunne klinge med. Ingen uttrykksmiddel som – så langt det er mogleg – uttrykkjer sanning, skal vere framande i gudstenesta, understrekar Eliassen.

Tradisjonane må slipast
Mange unge seier at det er musikken dei reagerer mest på når dei svarar at dei ikkje kjenner seg heime i kyrkja. Musikken verkar framandgjerande, seier dei. Kantor Eliassen vel å snu på det.

– Det er nok rett at «mange unge» seier at musikken verkar framandgjerande og gjer sitt til at dei ikkje kjenner seg heime i kyrkja. Men i ei undersøking for nokre år sidan var det ein forbløffande høg prosent, og blant dei sikkert også «mange unge», som svara at musikken er ei av dei viktigaste årsakene til at dei går i kyrkja, repliserer han.

– Kyrkja er kanskje den sterkaste tradisjonsberaren i samfunnet vårt. Kyrkja har ein liturgi som byggjer på ein meir enn 2000 år lang tradisjon med røter i førkristen religiøs utfalding, og det same gjeld kyrkjemusikken. Den vestlege musikkhistoria er langt på veg historia om kyrkjemusikken. Det seier seg sjølv at mange element i gudstenesta gir ei kjensle av noko som i seg sjølv er framandt og skaper avstand. Kyrkja har likevel valt å føre dei eldgamle tradisjonane vidare fordi dei er berarar av heilt grunnleggjande element i kultusen vår. Men alle tradisjonar blir døde og uengasjerande dersom dei ikkje blir brotne mot nye strøymingar i samtida, der dødt gods blir slipa bort mot bruk i notida. Slik er det òg med dei kyrkjelege tradisjonane og kyrkjemusikken.

Det kan Marianne Husby seie seg einig i.

– Eg liker det tradisjonelle. Eg synest det er godt at eg kjenner meg att når eg kjem inn i ei kyrkje. Faste liturgiske ordningar er ein god ting. Det er kjekt å kunne Kyrie om ein er på besøk i Tønsberg, for eksempel. For meg personleg er attkjenninga viktig for å gi meg ro. Der kan eg vere ein del av ei ordning, seier ho.

Ivar Jarle Eliassen meiner det ikkje er eit nødvendig kriterium at musikken vi møter i kyrkja, skal kjennast att i kvardagslivet. Tvert imot, seier han.

– Menneske på reise i framande land vender no ofte heim med unike opplevingar frå gudstenester i desse landa. Dei fortel med stort engasjement om korsongen i ortodokse kyrkjer, om orgelmusikken i dei franske katedralane, om den enkle munkesongen (den gregorianske songen) i klosterkyrkjer, om gospelmusikken i amerikanske kyrkjer og om fleirstemd kyrkjelydssong i kyrkjer både i aust og vest. Det viser at den musikken vi høyrer til dagleg, ikkje treng å vere der for at vi skal få gode opplevingar av å gå til gudsteneste. Tvert imot fortel musikken noko om mysteriet, og verkar tiltrekkjande og opnande for dei som vil vere med på den reisa, seier Eliassen.

For eksempel i eit kor?

Denne artikkelen er i kategorien Livsnær og relevant, Relasjoner og fellesskap.