Positivt møte med kristen tru

Det er spennande å sjå korleis sekularisert ungdom reagerer i møtet med kristen truspraksis, seier Johan Lövgren.

«Det er spennande å sjå korleis sekularisert ungdom reagerer i møtet med kristen truspraksis», seier Johan Lövgren. (foto: Mina Lillenes)

Sekularisert ungdom som har gått på ein kristen folkehøgskole, meiner dei vart styrkte som menneske av å møte eit trusfellesskap. Det viser ein ny studie.

Tekst: Ane Bamle Tjellaug

Johan Lövgren har undersøkt kristen praksis ved tre folkehøgskolar som ein del av prosjektet Ungdom, kultur og tru. Han har spurt 324 elevar om korleis dei opplevde eit år på ein kristen folkehøgskole, og resultatet er eintydig.

– Studien min viser at å møte ei tydeleg tru kan vere udelt positivt, same kva standpunkt ein sjølv tek. Ungdommane som svarar på undersøkinga, fortel korleis møtet med tru på ein kristen folkehøgskole blir til noko som styrkjer dei som menneske, seier Lövgren.

Han er prest og sjølv lærar på Grenland folkehøgskole, ein av skolane som deltok i undersøkinga. Resultatet blir no presentert i boka Tro i praksis, som blir gitt ut på IKO-forlaget. Studien er eit av få norske forskingsprosjekt som tek for seg religiøs praksis blant unge vaksne.

Utfordra av trusmøtet

"Studien min viser at å møte ei tydeleg tru kan vere udelt positivt, same kva standpunkt ein sjølv tek", seier prest og forfattar Johan Lövgren

«Studien min viser at å møte ei tydeleg tru kan vere udelt positivt, same kva standpunkt ein sjølv tek», seier prest, lærar og forfattar Johan Lövgren (foto: privat)

I studien sin har Johan Lövgren undersøkt religiøs praksis ved Risøy, Nordfjord og Grenland folkehøgskolar. 97 prosent av elevane på dei tre skolane svara på spørjeundersøkinga, og i tillegg har Lövgren både gruppeintervjua og djupintervjua eit utval av elevane.

På Nordfjord folkehøgskole er majoriteten av elevane vedkjennande kristne; på dei to andre er dei fleste nøytrale eller spørjande.

– Mange av dei er konfirmerte i kyrkja, men det er òg humanetikarar som har søkt seg til ein kristen skole fordi skolen har ei spesiell linje som er attraktiv. Det er spennande å sjå korleis sekularisert ungdom reagerer i møtet med kristen truspraksis, seier Lövgren.

Studien viser at ungdommane seier dei har vorte utfordra i løpet av året på folkehøgskolen.

– Det er sjølvsagt ei utfordring for ein humanetikar å kome til ein kristen skole, men det er også utfordrande for dei kristne elevane. På ein folkehøgskole møter dei eit mangfaldig miljø der dei òg blir utfordra på det dei trur på, forklarer Lövgren.

I undersøkinga svarar alle elevane at dei er glade for utfordringane.

– Alle elevane eg intervjua, også dei som ikkje trur, svara at dei ville ha valt ein kristen folkehøgskole igjen. Elevane seier at det kristne verdigrunnlaget for skolen har vore ein positiv del av året, og alle opplever at dei er møtte med respekt.

Møtte med respekt

Respekt er nemleg ein viktig premiss for ungdommane som møter kristen tru for første gong.

– Mange som jobbar med ungdom, har ein tendens til å meine at det er ein motsetnad mellom respekt og det å vere tydeleg. Anten respekterer du det den andre trur på, eller så er du tydeleg på di eiga tru. Men elevane opplever det ikkje slik. Dersom dei ikkje lyttar, er det fordi dei ikkje føler seg respekterte, seier Johan Lövgren.

Han fortel at fleire elevar etterlyser meir truspraksis, også dei som ikkje trur. Elevane han djupintervjua i samband med studien, fortel at jamvel dei kristne arrangementa på skolen blir opplevde som opne.

– Du treng ikkje bevise noko eller … – ja, du treng i utgangspunktet ikkje å vere interessert i kristendom for å kome på møta, seier ein elev som er sitert i boka.

– Alle respekterer deg same kva tru du har. Før eg kom hit, var eg veldig redd for korleis det skulle bli når det gjeld kristendommen. Men det har ikkje plaga meg i det heile. Eg har prøvd å vere med mest mogleg på desse møta for å sjå korleis det er, fortel ein av dei andre elevane.

Ein fortel om møtet med lovsong:
– Når det er lovsong, tenkjer eg: Kva gjer eg eigentleg her? Men eg er jo der for å sjekke ut, prøve på stemninga og sånn, og så er det jo veldig koseleg. Det er bra møte. Det blir snakka om mange ting ein kan snakke om sjølv om ein ikkje er truande. Det er mykje bra ting som treffer deg, og som det går an å diskutere.

– Lytt til ungdommen

Johan Lövgren trur det viktig å trø varsamt i møte med unge. Det blir vanskeleg å snakke med ungdom dersom det teologiske utgangspunktet ditt er at den som ikkje er frelst, er fortapt.

– Dersom du meiner at den truande er god og den ufrelste vond, da har du ikkje noko å seie til ungdom. Eg veit ikkje om elevane mine er truande eller ikkje, og eg spør heller ikkje om det. Eg behandlar alle heilt likt, seier Lövgren.

– Sentrale spørsmål for meg er: Kven er det eg møter, og kva vil Jesus gjere med dette mennesket?

I praksis handlar det om å lytte til elevane og ikkje gi dei noko dei ikkje spør etter, meiner Lövgren.

– Dersom dei spør etter svaret på vondskapens problem, kan eg snakke om det. Dersom dei spør om menneskeverd, om sex, om korleis ein byggjer opp eit forhold som varer, da kan vi snakke om det. Dersom dei ikkje spør, har eg ingen rett til å kome med svar.
Han meiner det er like viktig å lytte som å snakke.

– Eg presenterer ingen fasit, men kjem med forslag. Dessutan må eg forankre det i eit verdsbilete dei unge kjenner att. Snakkar vi om skapinga, knyter eg det til evolusjonsteorien. Det er vanskeleg for ungdom å forstå det vi snakkar om i kyrkja i dag; det blir for fjernt for dei.

Praktiske trushandlingar

Boka "Tro i praksis"

«Tro i praksis – respekt, fellesskap, læring» av Johan Lövgren (IKO-forlaget AS, 2014)

Truspraksis er eit viktig omgrep i studien. Det omfattar kristne handlingar som tilbyr deltaking i praksis, utan nødvendigvis å krevje at den som deltek, er truande.

– Eg veit om elevar som med glede har gått i kapellet, og som elskar tomasmessa vi har på Grenland folkehøgskole, men som samtidig kallar seg ateistar. Det er klart det skjer noko med dei. Eg trur det er viktig ikkje å vere så oppteken av tru eller ikkje tru, men invitere til å delta i praksisar. På den måten kan trua få vekse, seier Lövgren.

I boka fortel lærarar ved folkehøgskolane som har vore med i studien, om ulike former for truspraksisar dei bruker på skolane sine.

  • Både Nordfjord og Grenland folkehøgskole bruker bistandsarbeid til å vise kva kristen nestekjærleik er i praksis, der elevane får besøkje prosjekta dei støttar.
  • På Grenland folkehøgskole er tomasmessa ein viktig del av skoleåret. Her er det bønnevandring, der elevane både kan tenne lys, skrive bønnelappar og få forbønn. På somme gudstenester er det også nattverd, der det er heilt frivillig både å delta og ikkje delta.
    – Tomasmessa er ein arena der det er lov å vise kjensler og vere ærleg. Her kan ein kome og søkje trøyst eller gi trøyst til andre. For meg var tomasmessene eit møte med noko heilt nytt. Eit møte med Gud, skriv Gina Elisabeth Rudsrud. Ho var stipendiat på Grenland folkehøgskole frå 2010 til 2011.
  • På Nordfjord folkehøgskole har dei kvar veke kapellmøte der elevane sjølve får ansvaret for gjennomføringa.
  • På Risøy folkehøgskole er ein fast kveld i veka halden av til Kveldstankar. Dette er eit livssynstorg der elevane kjem for å snakke om kva dei trur på.
    – Kveldstankar skal handle om det å vere menneske, vi skal røre ved tema som ikkje er knytte til eit spesielt livssyn, men som alle menneske kan kjenne seg att i. Det er eit mål å utvikle toleranse, respekt og interesse for livssynet til andre, skriv inspektør Morten Røsås.
  • Reiselinja på Risøy tek med seg heile klassen til Taizé-brorskapet i Frankrike, medan ei anna gruppe elevar ved skolen dreg på segltur med den kristne båten Elida.

Johan Lövgren trur kyrkja kan tene på å tilpasse dei ulike truspraksisane og gudstenesta etter dei behova som finst i kyrkjelyden.

– Arbeidet med ny gudstenesteordning er allereie i gang, men det han hende vi må vere meir radikale. Den komande generasjonen skal gjere si eiga greie, og da må kyrkja tilby ulike typar truspraksis.

Ned til kjernen

På Grenland folkehøgskole har kristendomsfaget eit ambisiøst mål: Kvar einaste time skal gi livsviktig input til kvar og ein, uavhengig av trusbakgrunn.

– Eg har ikkje råd til å halde på former for teologi og praksis berre for praksisen si skyld. Eg må minimere bagasjen min til det som er mest nødvendig for at eit ungt menneske skal kome til ei levande tru, seier Lövgren.

Han meiner det er lite behov for teologi som ikkje er knytt til kjernen i kyrkja i møte med unge menneske.

– Teologi er kjempeviktig, men vi må finne fram til kjernen og sleppe alt anna for få denne generasjonen til å halde oppe ei levande kyrkje om 50 år. Vi må vite kva som er nødvendig, og halde fast ved det.

– Kva meiner du er det mest nødvendige?

– Eg bruker mykje tid på krossen som livstolkingsnøkkel og Jesus som gudemennesket. Det ligg mykje rundt krossen. Der finn vi det mest sentrale, både behova til mennesket, svara frå Gud og vegen vidare i livet.

Det er ikkje tvil om at folkehøgskolen er spesiell. Men Lövgren trur det er mogleg å skape eit liknande fellesskap også utanfor folkehøgskolen.

– Måten ungdom møter tru på, er den same i ein kyrkjelyd, men prosessane skjer med mindre intensitet.

Han understrekar at vi ikkje har med ein ikkje-åndeleg generasjon å gjere.

– Det er kjempespennande å snakke om tru med dagens unge, for dei er opne, interesserte og til stades. Men det må gjerast på deira premissar. Vi må lære oss å vere ei sann kyrkje og samtidig vere i dialog med komande generasjonar.

Denne artikkelen er i kategorien Livsnær og relevant, Ord og sakrament, Relasjoner og fellesskap.