Ulike vegar inn i den kyrkelege arbeidsmarknaden

k1830knuthelge

– Å bli utfordra på ein jobb i kyrkja har vore ei god oppleving, seier Knut-Helge Fjeldstad som har fullført masterstudium i kyrkjeleg undervisning på Det teologiske Menighetsfakultet. (Foto: privat)

Dei som ser for seg eit yrkesliv innanfor kyrkja, har ulik veg inn til kyrkjeleg utdanning og jobb.

av Martin Eikeland

Knut-Helge Fjeldstad er oslogut. Etter å ha fullført masterstudium i kyrkjeleg undervisning på Det teologiske Menighetsfakultet har han begynt som kateketvikar i Tonsen kyrkjelyd. Marit Juven Gjærde kjem frå Hemsedal. No er ho i full gang med eit masterstudium i diakoni, som er eit samarbeidsprosjekt mellom MF og Diakonhjemmet Høgskole.

Trua er viktig

På spørsmål om kva som har ført dei inn i retning av ei kyrkjeleg teneste, svarar dei to slik:

– Trua på Jesus. Eg møtte ein god kapellan som utfordra meg. Han var ein fantastisk rettleiar med eit stort engasjement for kyrkja, seier Knut-Helge.

– Det berre vart slik! Etter eitt år som elev på Sagavoll folkehøgskole etterfølgt av studium i interkulturell kommunikasjon på MF og stipendiatjobb på same folkehøgskole fann eg ut at eg ville jobbe med ungdom, seier Marit. Ho kan ikkje vise til nokon enkeltpersonar som har hatt spesielt stor betydning for valet hennar av studium og yrkesveg.

Kyrkjeleg arbeid

Det er gode sjansar for å finne draumejobben. Sjølv blir eg nøgd dersom eg kan jobbe tett saman med andre menneske, seier Marit Juven Gjærde som studerer master i diakoni. (Foto: privat)

Men det er gode sjansar for å finne draumejobben. Sjølv blir eg nøgd dersom eg kan jobbe tett saman med andre menneske, seier Marit.

Felles for Marit og Knut-Helge er at dei har vore aktive i kristent barne- og ungdomsarbeid. For Marit har kyrkjelyden i Hemsedal og arbeidet til Normisjon og Acta vore dei arenaene ho har vore med på. Knut-Helge har ei fortid som deltakar og leiar i kyrkjelyden sin. Dessutan har begge hatt «prøveår» innanfor det kyrkjelege arbeidslivet – Marit som stipendiat på Sagavoll og Knut-Helge som volontør for Misjonsalliansen i Ecuador.

Oppfordring og bønn

Når Knut-Helge skal fortelje om kva som har vore viktig på vegen fram mot ein kyrkjeleg jobb, legg han vekt på at nokon har oppfordra han og sett at han kunne vere eit «talent». Men enda viktigare er det at folk har bede han om å be.

– Å bli utfordra på ein jobb i kyrkja har vore ei god oppleving. Men det har nok gjort størst inntrykk når folk har sagt at det er viktig å be over det – ikkje berre køyre på utan tanke for om det er dette ein eigentleg vil.

Kallet

Begge to snakkar om at vegen inn mot ein kyrkjeleg jobb også handlar om kall.

– Eg trur kanskje at eg har eit kall til å jobbe i kyrkja. Men det er ikkje lett å vite kva som er «kall», og kva eg sjølv ønskjer. Kjenslene mine kring ein framtidig jobb er skiftande, men eg får tilbakemeldingar om at eg er på rett plass. Når dei indre kjenslene, som vi kan seie er eit kall, stemmer med signala frå andre om at dette er rett veg, tenkjer eg at eg skal jobbe i kyrkja, seier Marit.

Knut-Helge er klar på at han har eit kall til å jobbe med kyrkjeleg undervisning. Men fleire gonger har han vore usikker på om han er på rett veg.

– Kvar gong den tanken har slått ned i meg, har anten ein lærar eller ein medstudent stadfesta valet. Desse innspela frå andre har gjort meg sikker på den yrkesvegen eg har valt, seier han.

Studiet er viktig

Både Marit og Knut-Helge har valt eit langvarig studieløp på veg inn mot kyrkjeleg teneste. Knut-Helge fortel at da han begynte på masterstudiet, tenkte han at eit så langt studieløp var meiningslaust.

– Eg tenkte at engasjementet var det viktigaste, ikkje eit langt studium. Men etter kvart har det vorte klart for meg at ein 19-åring med engasjement for å formidle trua og evangeliet til barn og unge, treng hjelp til å takle ansvaret som følgjer med jobben. Eit grundig studium gir denne hjelpa, seier Knut-Helge, som samtidig understrekar at det ikkje er akademiske studium som gjer nokon til kristne, men trua på Jesus.

Marit trekkjer fram at studiet gir rom for å vekse, reflektere og samtale.

– Kanskje det viktigaste med studiet er at eg har lært at eg aldri er ferdig utlært. Men samtidig som det er viktig med høg kompetanse blant dei kyrkjeleg tilsette, må vi ikkje kimse av det arbeidet som frivillige gjer i kyrkja.

Draumejobb

Når Knut-Helge no har begynt i eit vikariat som kateket i Tonsen kyrkjelyd, meiner han at han allereie har funne draumejobben.

– Draumejobben kan vere mange stader. Min draum er at eg gjennom arbeidet mitt kan vere med og vise at kyrkja er ein god stad å vere og leve, seier han.

Marit er enno ikkje komen inn i arbeidslivet. Draumetilværet hennar er ein kombinasjon av å vere ungdomsdiakon og småbrukar.

– Men det er gode sjansar for å finne draumejobben. Sjølv blir eg nøgd dersom eg kan jobbe tett saman med andre menneske, seier Marit.

 

Marit Juven Gjærde

  • Alder: 26 år
  • Sivilstand: Singel
  • Opphavleg bustad: Hemsedal
  • Noverande bustad: Oslo
  • Kyrkjeleg bakgrunn: Den norske kyrkja i Hemsedal, Normisjon/Acta.
  • Studerer master i diakoni ved Menighetsfakultetet / Diakonhjemmet Høgskole

 

Knut-Helge Fjeldstad

  • Alder: 27 år
  • Sivilstand: Gift
  • Opphavleg bustad: Oslo
  • Noverande bustad: Oslo
  • Kyrkjeleg bakgrunn: Frivillig ungdomsleiar i Hauketo-Prinsdal, sivilarbeidar i Bekkelaget, volontør for Misjonsalliansen i Ecuador.
  • Har studert master i kyrkjeleg undervisning på Menighetsfakultetet

 

Denne artikkelen er i kategorien Kirke 18-30, Livsnær og relevant.